Betaling av kontingent/pliktig medlemskap

Publisert av Eivind Bødtker den 10.01.16. Oppdatert 16.08.16.
Det er vanleg at velforeiningar opererer med pliktig medlemskap for bebuarar som eig eller leiger bustad i området velforeininga har oppgåver i og ansvar for.
Tanken med pliktig medlemsskap er at alle nyt godt av arbeidet velforeininga gjer, og då er det rimeleg at alle deltek, ved å betala medlemskontingent og eventuelt med andre plikter.
Men bør ikkje kvar person sjølv kunna velja om ho vil vera med i ei forening? Konfliktane oppstår ofte i samband med innkreving av medlemskontingent, når nokon set seg i mot retten til å krevja at vedkomande er medlem og må betala.