Vi står med Ukraina

Vi står med Ukraina

Publisert av Ingeborg Bastiansen den 06.04.22.

Resolusjon frå landsmøtet i Vellenes Fellesorganisasjon 19.03.2022

Vellenes Fellesorganisasjon (VFO) fordømer Russland sin invasjon i Ukraina. Dette er eit klart brot på folkeretten og eit alvorleg åtak på demokratiet.
VFO støttar at norske institusjonar og myndigheiter stiller krav om stans i krigen, og at vi som nasjon er solidarisk med Ukrania, og at vi stiller opp med stønad og hjelp.

Den 24. februar 2022 invaderte Russiske styrkar Ukraina frå aust. Dette hende dagar etter at president Putin godkjende dei Ukrainske regionane Donetsk og Luhansk som uavhengige. Tilhøva for sivilbefolkninga i Ukraina er og har vore prega av frykt og utryggleik som følgjer av krigen.

Som alle andre, er vi djupt skaka over det som hender i Ukraina.

Situasjonen har endra seg raskt og har no blitt ein fullskala krig mellom Ukraina og Russland. Kvar dag vert det meldt om at ei rekke mål som bustader, sjukehus, skular, universitet og offentlege bygg blir råka av åtak, og at sivile liv går tapt.
Vellenes Fellesorganisasjon tek avstand frå at sivile liv blir dratt inn, og tapt, i militære aksjonar. Vi veit frå andre krigar og konfliktar at helsetenestene ofte bryt saman, og det er vanskeleg å få tilgang til medisinar og helsehjelp.

Invasjonen av Ukraina er eit klart brot på folkeretten og eit alvorleg åtak på demokratiet. Fleire og fleire organisasjonar og land har innført sanksjonar overfor Russiske myndigheits- og nøkkelpersonar. Det er viktig å understreke at det russiske folk ikkje skal holdast ansvarleg for krigen, då det er russiske styresmakter som er ansvarlege.

Det ukrainske folket er tvungne på flukt, og vi vil truleg oppleve ein stor flyktningstraum den komande tida. Fleire av flyktningane vil vere mennesker som har mista si tilhøyrsle til nærmiljøet.

I Noreg bør velforeiningar og andre frivillige organisasjonar bidra til at flyktningar blir tekne imot og blir integrert på en god måte.

Vellenes Fellesorganisasjon støttar at norske institusjonar og myndigheiter stiller krav om stans i krigen, og at vi som nasjon er solidarisk med Ukrania med stønad og hjelp.


Vellenes Fellesorganisasjon vil:

  • Fordømer Russland sin invasjon som eit brot på folkeretten.
  • Står ved det Ukrainske folket, personar på flukt og andre som er direkte prega av krigen.
  • Legge press på at alle i dei råka landa skal få lov til å flykte ut av landet.
  • Oppfordrar til at institusjonane nyttar sitt internasjonale samarbeid for å motivere til fredsarbeid og diplomatisk arbeid, slik at okkupasjonen av Ukraina kan opphøyre.
  • Oppfordrar til at institusjonane, medlemslag og samskipnader, etter beste evne, støttar med midlar til humanitær hjelp til Ukraina.
  • Krev at samfunnet vernar om russarar i Noreg, og er tydelege på at det er Russland som fører krigen, ikkje det russiske folk.
  • Oppfordrar lokale velforeiningar og andre frivillige, til å presse på lokale myndigheit og at det vert lagt til rette for å huse  flykta familiar i ledige bustader.
  • Oppfordrar til at norske myndigheiter held fram med å støtte Ukraina politisk og med humanitær, økonomisk og militært hjelp.
  • Ynskjer å ta initiativ til å opprette kontakt med Ukrainske myndigheiter, der ein tek sikte på å utveksle erfaringar i arbeidet med å få stimulert aktiviteten i lokale frivillige foreiningar når gjenreising skal starte.

Landsmøte i Vellenes Fellesorganisasjon vedtek denne resolusjonen, og vedtek samstundes å løyve kr 10 000 til hjelpearbeidet. Styret får  fullmakt til å formidle summen gjennom ein av hjelpeorganisasjonane.

 

Kontaktpersonar:

Ola Raftevold, styremedlem, 93259546

Erik Sennesvik, leder, 90967676